Kant

kr 229

Utsolgt

Produktnummer: nb9788252166095 Kategori:

Beskrivelse

Kristoffer er åtte år, og om kvelden ligg han og skal lese Donald, men tenkjer og tenkjer på verdsrommet. Er det ein kant ein stad der ute, der verdsrommet sluttar – og kva er utanfor den? I rommet ved sida av Kristoffers, med døra på gløtt, sit faren og les i ei bok av Kant. Han må stadig inn til guten sin og svare på spørsmåla hans, og det blir klart at ingen av oss kan forstå alt – ikkje Kristoffer, ikkje far hans, og ikkje filosofen Kant. Tittelen på vår bok speler som ein skjønar både på tenkjaren Kant og på den kanten guten tenkjer seg der verdsrommet endar. Jon Fosses vesle .filosofibok. for dei yngste kom ut første gong i 1990. Boka har vore utseld lenge, og planen vår har like lenge vore å nyillustrere boka og gi henne ut på nytt. Akin Duzakin har gått til oppgåva med stort engasjement, og vi trur dette er ein kommande klassikar.

Forfattaren har skapt ei bok om eit litt uvanleg tema, ein guts tankar om verdsrommet. Kristoffer er åtte år, og om kvelden ligg han og tenkjer på verdsrommet. Sluttar det eller sluttar det ikkje? Det er like mogleg at rommet sluttar som at det ikkje sluttar, kjem Kristoffer fram til. Og når det er slik, kan vel så mykje vere mogleg? Boktittelen spelar både på tenkjaren Kant og på den kanten som guten tenkjer seg verdsrommet sluttar.

Innbundet

?

Tilleggsinformasjon

Vekt 0,35 kg

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Kant”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

St. Olav bokhandel
Akersveien 14
0177 Oslo

Telefon: 23219555
Epost: bokhandel@katolsk.no
© St. Olav forlag og bokhandel AS 2023