Bibelens kvinner: historiene som forma verda

kr 399

Utsolgt

Varsle meg når varen er tilbake på lager

Produktnummer: 9788234001901 Kategorier: ,

Beskrivelse

Kvinnene i Bibelen har stått i skuggen av menn. Her har dei hovudrollene.

Visste du at Judit måtte slå to gonger med sverdet for å kappe hovudet av hærføraren Holofernes? At Rebekka førte mannen sin bak lyset av rein morskjærleik? Eller at den prostituerte Rahab berga livet ved å fire spionar ut av vindauget?

Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner, og nokre sleipe og skruppelause. Jael tek livet av ein stolt krigar ved å køyre ein teltplugg gjennom tinningen hans. Ester reddar folket sitt ved å invitere kongen på fest. Sara ler av Gud då ho får vite at ho skal bli mor som nittiåring

I alt finst det fleire hundre kvinner i Bøkenes Bok. Nokre har vi høyrt om før, som dronninga av Saba og jomfru Maria. Andre veit vi mindre om, som Jokebed og Hulda. Somme har endåtil fått den viktige rolla si tona ned.

«Bibelens kvinner» er ei kunnskapsrik og vakkert illustrert bok om alle bibelkvinnene. Ho gir oss ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete – av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne.

FRÅ BOKMELDING:

«Walgermo skriver inspirerende […] Alf Kjetil Walgermos bok er en viktig påminnelse om Bibelens mangfold og bibelfortellingenes plass i vestlig kultur.»
Hilde Brekke Møller, Vårt Land

Innbundet

Antall sider: 446

Tilleggsinformasjon

Vekt 1,2 kg
ISBN

9788234001901

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale «Bibelens kvinner: historiene som forma verda»

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

St. Olav bokhandel
Akersveien 14
0177 Oslo

Telefon: 23219555
Epost: bokhandel@katolsk.no
© St. Olav forlag og bokhandel AS 2023