Sei oss, diktar

kr 298

På lager

Produktnummer: 9788270243976 Kategorier: ,

Beskrivelse

PAUL MURRAYs poesi er prega av beskjedne ord og enkle bilete som likevel formidlar bråe djup og stor tyngde. Dikta handlar ofte om nære, kvardagslege fenomen, om menneskelivet slik vi har det felles, under ein høg himmel ved eit endelaust hav. Ut frå dette får dikta uvanlege, stundom mystiske, vinklingar på kristen tru og openberring. Dikta er aldri påtrengjande, men grip likevel tak i lesaren som stille musikk, og ber ofte fram ein nyskapande nåde.

 

DIKTSAMLINGANE The Absent Fountain (1992) og These Black Stars (2013), som her for fyrste gong kjem i norsk gjendikting, er blant Paul Murrays mest etterspurde bøker. Her tek dominikanarpateren oss med på ei reise gjennom eit enkelt landskap som likevel har si heilt særeigne atmos­fære av mystikk. Samstundes gjev dikta lesaren tid og rom til å kjenna att si eiga indre verd. Fr. Paul skriv på ein måte som heile tida engasjerer lesaren. Han går i dialog med Gud, og han dreg oss inn i ei utforsking av minne og attrå, av tap og indre myrker, av sår og draumar, av bøn og lengt etter gudsnærværet. 

 

Paul Brendan Murray er fødd i Irland i 1947. Alt som nittenåring gjekk han inn i dominikanar­ordenen, der han seinare vart vigd til katolsk prest. Han tok sin doktorgrad i engelsk litteratur ved University

College, Dublin. Sidan 1994 har han budd i Roma, der han underviser i kristen, mystisk litteratur ved det pave­lege universitetet Angelicum. Han er ein høgt akta forfattar av både faglitteratur og poesi. Dikta hans er omsette til ei mengde språk. 

 

Knut Ødegård er fødd i Molde i 1945. Han debuterte som lyrikar i 1967. Sidan har han gjeve ut ei lang rad bøker: diktsamlingar, romanar, barnebøker og fagbøker. Han er òg aktiv som gjendiktar, m.a. eit ruvande firebands verk med eddadikta. Diktsamlingane hans er komne på 42 språk, noko som gjer han til den mest omsette nolevande norske lyrikaren. Han vart statsstipendiat i 1989 og har motteke ei rekkje høgthengande norske og utanlandske prisar og ordenar.

 

Innbundet

Antall sider: 170

Tilleggsinformasjon

Vekt 0,25 kg
Forfatter

ISBN

9788270243976

Antall sider

170

Utgitt

2022

Oversetter

Knut Ødegård

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å omtale “Sei oss, diktar”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

St. Olav bokhandel
Akersveien 14
0177 Oslo

Telefon: 23219555
Epost: bokhandel@katolsk.no
© St. Olav forlag og bokhandel AS 2023