kr 199
Dante Alighieri blei født i Firenze i 1265 og døydde i Ravenna i 1321. Dante skreiv fleire bøker, både på latin og italiensk. Men mest kjend er han blitt for sitt mektige diktverk Den guddommelege komedie, som han fullførde omkring 1320. Slike visjonsdikt var vanlege i den katolske mellomalderen, men Dantes verk er det mest reflekterte, storslåtte og navngjetne av dei alle.
Diktaren ser for seg at han i påskehøgtida år 1300 reiser saman med Vergil gjennom Helvetet (Inferno), så vidare gjennom Skiringsheimen (Purgatorio). På toppen av Skiringsheimen ligg Det jordiske Paradiset. Her blir Vergil avløyst av den skjønne Beatrice, og ho fører diktaren Dante gjennom Paradiset (Paradiso) til visjonen av Gud.
Magnus Ullelands fullstendige omsetjing av Dantes hovudverk kom ut i tre band frå 1993 til 1996. Til denne samla utgåva (utgitt 2000) skreiv han nye forord og etterord, samt ei omfattande namneliste.
«Ullelands oversettelse kommer til å bli stående som en varig berikelse av det klassiske litteraturtilfang på norsk, og en varig bro for de norske lesere til en verden som har vært lukket for mange.»
Erik Fosnes Hansen, Aftenposten
Antall sider: 688
Vekt | 0,8 kg |
---|---|
ISBN | 9788205278394 |
Omtaler
Det er ingen omtaler ennå.